Detaljer
Består av blanding av løvetannblomar og blad. Søtleg-bitter smak, god for magen. Løvetann er også ei gamal medisinplante - ein officinalis på latin.
OM AUKRUST GARD OG URTERI
Aukrust Gard og Urteri ligg på Solsida i Bøverdalen i Lom. Solside betyr at vi ligg i den sørvendte hellinga ned frå Lomseggen. Det gjev vanlegvis mange soltimar om sumaren, og mykje smak og aroma til urtene våre. Vi har i tillegg den tørraste klimaet i Nord-Europa.
Her har vi i 25 år arbeidt med dyrking av urter. Det starta med ein urtehage, som det framleis er mogleg å besøke om sumaren. Så har eiga urtedyrking utvikla seg, og vi har ei avansert urtetørke med luftavfuktning som tek svært godt vare på farge og aroma. Det ser du på fargene på pynteblomane våre! Ein heil del haustar vi også frå ville vekster rundt omkring, - frå bjørkeblad om våren til einebær om hausten.
Vi tek også imot økologisk dyrka urter frå dyrkarar over heile landet. I tillegg importerer vi eksotiske, økologiske urter frå heile verda, - slik at vi har eit komplett sortiment av krydder og tear.
Vi er Franziska og Ola Aukrust med 5 barn, og i tillegg medarbeidarar og praktiktantar.
Alle våre produkt er dyrka økologisk, - sjølve har vi bio-dynamisk (Demeter) - godkjenning.
Tilleggsinformasjon
Merke | Aukrust Nordgard |
---|---|
Avansert filter | Økologisk, Vegan, Sukkerfri, Glutenfritt |
Ingredienser | Økologisk løvetannblomst |
Produsert i land | Norge |
Best før dato | 1. apr. 2026 |